mandag 23. juni 2014

Har du vore ei veke på camping med ungar og dyr
Og på kvelden kjent du på mann din vart yr?
For dei som har vore i samme situasjon
Har vel alle komen til ein lik konklusjon

At det å ha seg på slik ein plass
Betyr alt anna enn å gje full gass
Her må ein vente til alle søve
Og så kan ein omsider endeleg prøve

Me tar ein sånn stille under dyna i kveld
Me skal vere forsiktig, dei søv likevel
Men ei seng i ei vogn som dette
Knirkar felt og gjer voldsomt ette'

Så då må ein legge til rette for han hin
Slik at han uten anstrengelse slepp inn
Og for stille baksling i ei campingseng
Eit minimum av smidighet ein treng

Men når me begge i grunn er litt for stor
Aktivitetar som dette er ei enklast på jord
Ein må sjå til at eine foten er sånn passeleg løfta
Og at ikkje noko vert klemstra ned i sengekløfta

Og når ein til sist har funne ein god rytme og gli
Og kjenner at dette var riktig triveli'
Kjem det tørt frå ei etasjeseng frammi der
 -Seriøst, skal de virkeleg gjera det her ?



tirsdag 10. juni 2014

Dønnfoss Camping



ju huuu - så var det tid for ny tur med BoBilen ;)

Denne gangen vart det over fjellet til Dønnfoss Campingplass
Ein koselig plass, som er lett å like.

Her er det reint og fint -- og trivelege folk ;)



Ein tømmestasjon for alle typer campingtoaletter og bobiler.
Det er 2 sanitæranlegg, med do, dusjer, kjøkken og vaskerom - vaskemaskin og tørketrommel.
Resepsjon med kiosk og enkel servering og butikken ligger ca. 200 meter unna ;)

Eit stort basseng og eit barnebasseng - men det må ein betale litt ekstra for å komme inn ..
Flott leikeplass er det også der ...



Vi rakk å kose oss godt på det døgnet vi var vekke denne gangen også ;)
og mange nye tips fikk vi med på vår veg.
Stikkord : varmevatn, skuffefyll. persienne ;)


 Eg har enda ikkje laga så mykje mat i bilen enda - men det skal lærast det og ;)
Eg klarte godt å steike egg uten steikespade - men den er no kommt på plass ..

Besøk i bilen fikk vi også --  det blir lite om plass når ein er 4 vaksne, men det går greit det og.


Vegen heim att gjekk langs fine Strynefjells vegen og videre langs med Langvatnet, før vi bikka ned mot Geiranger, der vi hadde ein liten vaske stopp.
videre opp Ørnevegen og vips så var vi heime igjen...
Eg må vel innrømme at eg er SÅ glad eg har ein buss sjåfør ved min side ;)

Og jepp -- eg har faktisk prøvd å køyre bilen - ikkje så mange mila enda -- men eg  er på veg ...

                                       -- Monika -- 


fredag 6. juni 2014

vi øver oss


litt meir vi ;)


enda står bilen utenfor huset, for bonden og buss sjåføren har hatt travle dager, men vi håper på ein liten svipptur no i pinsa ;)





 men enn så lenge øver vi oss, finner nye knapper,
fyller inn kopper og kar ( skal tro kor mange trenger vi ;)

Gått til innkjøp av nye overmadrass har vi også,
kjenner eg gleder meg til å komme ut på tur .



 I kveld fikk vi ein koselig kveld i bilen, først med litt utegrilling ( ups. grill mangler vi jo )
deretter gjekk vi inn i bilen og fikk varmen i oss med kortspill og noe godt i koppen ;)



 

men vi trenger jo egentlig ikkje reste så langt for naturen sin del
-- vi bor jo MIDT i paradiset på jord ;)